London vert angripen:


Det vart sett inn engelske bombefly mot militære mål i Tyskland, som bomba jernbanestasjonar, flyplassar og meir. Den 25. august var dei engelske styrkane for første gong over den tyske hovudstaden Berlin. To veker etter dette angrepet, den 7. september slo tyskarane til for alvor i hovudstaden i England, London. Bombinga av London var i massevis og det sivile tapet auka. Det vart bomba dag og natt i eit sett. Denne bombinga vert kalla 'Blitzen'. Menn, kvinner og barn mista heimen sin og måtte rømme frå London. Luftverna i området vart styrka og det vart sett opp fleire sperreballongar. Innbyggjarane i London gjorde ein god innsats under bombinga av byen. Brannmennene slukte branner og reparerte gass leidningar som vart øydelagde under bombinga og dei stilte opp som ambulansesjåførar og for kantinebetjening osv. Styresmaktene i London organiserte eit tilfluktssystem til innbyggjarane, slik at dei fekk tilfluktsrom som dei kunne halde seg i. Det var dårleg ventilasjon i desse tilfluktsromma, det var kaldt, det var stor smittefare og dei hadde ikkje utstyr til å behandle sjukdommane som oppstod. Innbyggjarane tok det dei fekk og dei haldt seg rolege.

Westminster Abbey
(t.v)Eit bilete frå London 1941.
(t.h)Sandsekk barrikader i Westminister Abbey, Henry II kapellet i London.


Medan 'Blitzen' gjekk føre seg, vart mange folk evakuerte. Born vart sendt ut av byen til det roa seg ned, for dei kunne ikkje bli verande der.

London 1941
Bilete av skuleborn i London som verte evakuerte.