Informasjon
 
 
10.klasse skal dette skuleåret mellom anna jobbe med historie for perioden 1940 – 2000. Vi har valt å jobbe grundig med 2.verdskrigen. Formålet med undervisninga er å gi elevane god kunnskap om denne viktige perioden i historia vår. Gjere seg kjende med årsakene til krigen, krigens gang og fylgjene av krigen. Kunnskapen skal omfatte både lokale, nasjonale og internasjonale forhold. Undervisninga vil bli gitt i form av ei forelesingsrekkje. Læreboka og div. stoff frå biblioteket er og grunnlagsstoff. Nokre moment skal ekstra belysast med aktuelt filmmateriale.    For å få til ei god og oversiktleg undervisning vel eg å legge fram stoffet slik:
  1. Årsakene til- og forspelet til andre verdskrig
  2. Krigen kjem
  3. Kven Kva Kvar
  4. Slaget om Storbritannia
  5. Austfronten
  6. Krigen i Afrika
  7. Krigen i Stillehavet
  8. Krigen går mot slutten
  9. Freden
  10. Krigen i Norge
    Her dreg vi inn lokalhistoriker Magne Godøy for å utdjupe den rolla Godøy- samfunnet spelte under krigen.
 
Som avslutning på arbeidet skal kvar elev velje seg eit emne å jobbe spesielt med. Det er dei emna som ein finn her på sida. Eleven sitt bidrag til sida er eit av vurderingskriteria for eleven sitt arbeid med emnet. Websida blir lagt fram ved ein eventuell munnleg samfunnsfagseksamen. Fleire av elevane vil og bruke arbeidet sitt som det prosjektarbeidet som skal vera med på vitnemålet.
Arild Idar Årseth, ein av skulen sine dyktige datalærarar, har hjelpt klassen med å få produktet på nettet.
Helsing klassestyrar Eli Tollefsen.