FINNMARK BRENN.
Birgitte Jørstad. Ein sentral plass. Frå ein dag på jobb, til ein dag i bombing.
Ein heimstad i brann og ein ny blir til. Etter freden. Tall fra rasering av Finnmark.

Birgitte Jørstad er 73 år, enke og bor i Berlevåg i Finnmark. Ho hadde 4 søsken og foreldre under krigen, mora kom frå ”Gøygarden” på Godøya og faren kom frå Berlevåg. Dei budde i Berlevåg, men var ofte på Godøya. Sidan det var så lang veg mellom Godøy og Berlevåg var dei på Godøya lenge når dei var der. Så ho gjekk her på skule i første og i sjette klassa. Birgitte har fortalt om sine krigsopplevingar. Tilbake.
Innleiing.
Å måtte flytte frå heimen sin, og å verte bomba er berre ein del av dei tinga som hendte med dei som bodde i Finnmark under 2 verdenskrig (1939-1945). Å oppleve dette må vera forferdelig. Eg har møtt ei dame som har opplevd dette og ho har vore so snill at ho vil dele det med oss. I starten av Andre verdenskrig erklerte Norge seg nøytrale. Men det vart ikkje respektert av tyskarane, dei var interessert i Norge fordi dei var redde for at Sovjetunionen ville angripe derfrå dersom Norge var nøytrale. Ein annan grunn var at dei trengde jernmalmen frå Sverige, og Narvik var ei stor malmhavn. Det blei ei vanskeleg tid for dei som budde i Nord Norge utover krigen. Då krigen byrja å nerme seg slutten, på hausten 1944 bestemte Hitler seg for å brenne ned alle hus og byggningar i Finnmark og Nord-Troms. Det var fordi russerane ikkje skulle få tak i noko dersom dei skulle kome den vegen. Om lag 5000 finnmarkingar evakuerte syd over. Ei av dei var Birgitte Jørstad.
Birgitte Jørstad.
Ein sentral plass.

Tyskerane kom tidleg til Berlevåg, der bygde dei ei flystripe og sidan Berlevåg ligg heilt ut i havgapet vart det ein sentral plass. Tyskerane byrja å bygge bunkersar i fjellet, og dei sette opp kanoner overalt, til og med mellom husa. Flystripa var veldig viktig for tyskerane, for då kunne dei passe på alle konvoiane som gjekk inn og ut av Tanafjorden. Det var fordi dei allierte hadde spioner frå Berlevåg liggende i holer oppe i fjellet og dei varsla når det kom konvoiar. Så det var stadig angrep av dei allierte på konvoiane like utanfor Berlevåg og inn i Tanafjorden. Det var veldig hard motstandskamp der og veldig mange vart skotne, mange vart og send til Tyskland og fangeleirar. Tilbake.
Frå ein dag på jobb, til ein dag i bombing.

23 august 1944 vart Vardø, Vadsø og Kirkenes bomba. Birgitte (18), broren Leif og kona Bibbi var i Vardø den dagen. Leif var på jobb på Statens Fiskerifagskule, dei budde i hovedhuset der, dei måtte søkte dei ly i kjellaren. Når dei kom opp frå kjellaren var byen i flammar og tre kantar av huset dei var i stod i brann. For å berge skulen måtte dei sprenge huset over gata, og skulen vart berga og står den dag i dag.

Det var ca. 120 russiske fly som slepte bomber over Vardø. 16 nordmenn, 15 russerfangar og 27 tyskera vart drept under bombe åtaket denne dagen. Dagen etter fylgde Birgitte, Leif og Bibbi med ei fiske skøyte heim til Berlevåg, då hadde faren fødselsdag. Han fortalde at den beste fødselsdagsgåva han hadde fått var at dei ikkje var på lista over dei som var drept under bombinga i Vardø. På lista brukte det å stå kven som hadde blitt drept under bombe åtak, og den hang på posthuset. Tilbake.
Ein heimstad i brann og ein ny blir til.

4. november satte tyskerane fyr på Berlevåg, dei gjekk frå dør til dør og varskudde om at no måtte dei fare og det einaste dei fekk ha med seg var handbagasje. Det vart kle under eine armen og ein sengetøyrull under andre. Dei vart beordra til å møte på kaia, der låg det fleire båtar klare til å ta imot folket. Vi kom ombord i frakteskuta "Nordfart" frå Trøndelag, og vi var over 200 mennesker i lasterommet der og man fekk kvar sin firkant å ligge på. Der var ikkje do og der var personar mellom 0-90 år, så det vart ei forferdeleg lukt. Dei segla berre om natta fordi det var forbudt å segle på dagen. Det vart vanskelig å skaffe mat til så mange, man utrulig nok greide dei det. Dei stod i kø får å få tildelt ei tynn suppe i ei fiskebolleboks fordi der var for lite servise. Ho huskar ikkje kor mange dagar det tok på frå Berlevåg til Trondheim. "Når vi kom til Trondheim måtte alle som ikkje hadde nokon stad å bo, ta inn på ein leir i Melhus. Men vi fekk vera om bord i båten, fordi faren min ringte til Godøya og onkel Ingebrigt, om han kunne få plass til 3 vennefamiliar utan om oss. På nokre få timar hadde han klart å skaffe hus i solbakken, rosett og på fløtane, og vi fekk plass i bakkestova i oppigarden. 18 pesonar fann dei plass til på Godøy, så alle fekk plass." Ålesund Røde Kors arrangerte turen frå Trondheim til Godøya. Dei tok buss frå Trondheim til Åndalsnes og ferge over til Vestnes, der fekk dei ein ny buss som kjørte dei vidare til Ålesund. Der måtte dei overnatta i ein kjellar fordi dei kom fram om kvelden og då fekk man ikkje vera ute med båt. Men dagen etter kom dei til seg vidare til Godøya.


Medan dei reiste var det stor aktivitet på Godøya for å samle inn utstyr til leilighetene for dei hadde nesten ikkje med seg noko. Alle er takknemlege den dag i dag for den mottakinga dei fekk når dei kom. Og dei seier dei hadde det veldig bra på Godøya. Det er den andre heimstaden deira, og har ein spesiell plass i hjarta deira seier Birgitte. Tilbake.
Etter freden.

På byrjinga av hausten 1945 reiste foreldra til Birgitte nordover til Berlevåg med eiga fiskeskøyte, broren Martin var skipper. Om bord hadde dei ei ferdig tømra hytte og ein skjå som var kjøpt hos Oskar Larsen inne i Ålesund. Då dei kom fram til Berlevåg var det eit grønt teppe som møtte dei, berre grunnmurane stod igjen. Dei budde i båten til dei fekk sett opp skjåen så flytta dei inn der til hytta vart satt opp. Birgitte vart ikkje med at oppigjen til Berlevåg, fordi ho skulle gå på skule i Ålesund. Tilbake.
Tall fra rasering av Finnmark.

Dette vart øydelagt:
11000 hus, 4700 fjøsar og uthus, 230 Industri byggningar, 420 butikkar, 306 fiskebruk, 53 Hotel og lignande, 106 skular, 60 Offentlege bygningar for administrasjonen, 21 sjukehus og klinikkar, 140 forsamlingshus og 27 kyrkjer. Til samanlikning vart berre 4000 bolighus øydelagd i resten av landet.

Eg vil rette ei stor takk til Birgitte Jørstad som let seg intervjue om denne forferdelege saka. Vi som ikkje har opplevd dette kan ikkje forestille oss kor forferdeleg dette var. Tilbake.

Webansvarleg: Geir Henning Tunheim ©