MOTSTANDSARBEID I NORGE

Innleiing | Ikkje gi opp!!! | Illegale arbeid | Motstanden til dei sivile | Milorg | Heimestyrkane vepnast | Dikt - Jernbyrd | Avslutning


Milorg


Jens Christian Hauge var sjefen for Milorg.



Mange av dei som hadde kjempa mot tyskarane utover på 40-talet klarte å gjøyme våpen som dei kanskje kunne få bruk for seinare. Med hjelp frå den norske regjeringa i Storbritannia vart den hemmelege organisasjonen stifta. Mange tusen ungdommar slutta seg til Milorg og vart "gutta på skauen".

Det var ein liten organisasjon i byrjinga, men utover krigsåra hadde den på det meste ca. 40 000 medlemmar. Våpna fekk dei frå britane med flydropp på nattetid. Milorg kjempa mange kampar mot dei tyske soldatane, spesielt gjennom dei siste månadene av krigen. Dei gøymde seg i tømmerkoiar og gamle hytter, der dei dreiv med våpentrening og trening i sabotasje aksjonar. Det var Milorg som vart ståande som sjølve symbolet på motstandskamp og fridom etter krigen. Om du skulle fortelje om alle smågruppene som var med på å danne Milorg, kunne du ha gitt ut ei heil bok om dei. Men noko er viktigare enn det andre. Nemleg det som er skreve ned av Milorg sine pionerar. Blant dei finn vi professor Johan Holst, som var formann for asjonalhjelpa, og Løytnant Paal Frisvold som gjennom sommaren-40 dreiv med illegale arbeide. Han kom i kontakt med Kaptein John Rognes og Major Olaf Helset. Dei to hadde lenge visst at noko måtte setjast i gong. Noko som haldt motstanden blant det norske folk oppe. Dei var alle med på å stifte Milorg. Den hemmelege militære organisasjonen som var i ferd med å utvikle seg til noko stort, fekk på midten av 40-talet General Otto Ruge si velsigning.



Milorg sine pionerar:


Johan Holst & Paal Frisvold



Av: Karoline Valkvæ