Invasjonen var i grunn sett til å komme på den 5 juni, men på grunn av dårleg ver, måtte dei flytte den til den 6 juni. Då kom Eisenhower med sitt kjente; "Ok, we’ll go".
Dei allierte brukte mange "trick's" for å lure Tyskarane til å tru at invasjonen ikkje kom der dei trudde den kom, derfor møtte dei allierte mindre motstand enn dei trudde dei kom til å gjere. Dei slapp blant anna ned tusenvis av sølvpapirstrimlar i frå fly, slik at tyskerane sine radarar ville bli forstyrra. På denne måten hindra dei allierte, tyskerane i å finne ut om dei store troppeforflyttningane som føregjekk.
Dei første som vart sendte ut i krigen, var fallskjermjegerane, dei blei slepte ned mot strategiske mål inne i Normandie områda. Deira oppgåve var å gjere det tyske forvaret svakare, ved å sprenge fleire kanoner og å uskadeleg gjere flest mogleg soldatar, slik at det skulle verte lettare for soldatane på strendene å komme seg på land.
På strendene starta dei å sende på land soldatar i 6-7 tida på morgonen. Den første angrepsbølgja var på 3000 soldatar, som rydda veg for hovedstyrken. Det var ei enorm masse soldatar som kjempa seg veg inn til strendene. På strendene Gold, Juno, Sword og Utah kom soldatane seg forholdsvis lett på land, men dei amerikanske soldatane på Omaha Beach, møtte den beste kyst styrken som tyskarane hadde, og dei hadde store problem med å komme seg på land, men dei klarte det til slutt på grunn av god planlegging.
Trykk på biletet, og det blir større.
Her ser du ein mann som strevar seg i land på Omaha Beach.
Dei allierte klarde til slutt å sikre strendene rundt Normandie, dei tok til fange mange tusen Tyske soldatar. Soldatane var i elendig forfatning. Dei verka tydleg utsletne, og våpena deira var dårlege og øydelagde. Mange av dei var "lukkelege" over å bli tatt til fange.
Mange av soldatane som deltok i invasjonen, fekk psykiske skadar av opplevingane dei fekk. Å sjå ein mann bli sprengt i filler, eller å sjå ein få ei kule gjennom hovudet, kunne skape psykiske problem for soldatane. Mange av soldatane blei rusmissbrukarar, og alkoholikarar etter krigen...
Trykk på biletet, og det blir større.
Her ser du korleis det var for dei som skulle gå på land i Normandie. På strendene, låg tyskerane med maskingevær og kanoner.