Utfallet

Her får du vete lit om utfallet av Innvasjonen




Innleiing | Planane | Styrkane | Invasjonen | Utfallet

__________________________________________________________________________________

Utfallet

Hoved utfallet av innvasjonen, var at dei allierte frigjorde Frankrike, og deretter tok det som var i gjenn av ”Det Tredje Riket” –Tyskland. Men der var også mange andre ting som blei forårsaka av innvasjonen. Blant anna vart 200.000 hus i Normandie øydelagde på grunn av bombing og harde kampar, og i for eksempel Caen, var 9000 av dei 15000 husa som var der lagt i ruinar. Og over alt i Normandie området var hus og bygningar øydelagde, slik at mange tusen mennesker vart heimlause.

Trykk på biletet, og det blir større.

Her ser du restane av det som var den store byen Caen.

Menneskeliv
Eit anna resultat av invasjonen var alle menneskeliva som gjekk tapt. Under invasjonen vart dei døde lagt i massegraver eller begravde på staden der dei fell, fordi dei andre ikkje kunne ta seg tid til å begrave dei skikkeleg. Men seinare blei dei døde gravde opp at og gitt ein meir verdig gravplass. Den største er den amerikanske gravplassen ved Saint-Laurent-sur-Mer som inneheld 9386 graver.

Trykk på biletet, og det blir større.

Her ser du den store kirkegården-Saint-Laurent-sur-Mer.



Her ser du kor mange menneskeliv som gjekk tapt under invasjonen.
Som du ser så var det enorme mengder menneske som vart drepne.


Eg trur, at alle som veit nokke om innvasjonen i Normandie, er einige i at det er noko av det mest brutale som har skjedd i krigshistoria, og at det er noko vi vil unngå i framtida. Heldigvis har krigs-strategiane forandra seg, og sjansane for at vi får ei ny nedslakting som den i Normandie, er svært små. Eg syntest det var spanande å arbeide med dette emnet, og eg lærte mykje.
Eg håper også at denne sida også kan bli brukt av andre som også vil lære meir om denne viktige hendinga i vår historie.




Kjetil Nyvoll.


__________________________________________________________________________________

Webmaster : Kjetil Nyvoll