VINTERKRIGEN

Sympati - Ikkje samanheng - Folkeforbundet - Geriljakrig og forsvinningsdrakter -Dødstal - Mista store områder

30 November 1939 gjekk Sovjet til åtak på Finland. Etter 4 månadar måtte Finland gi opp kampen og Sovjet fekk store område i aust. Verda såg opp til finnane for kampen dei førte mot Sovjet. Dei overaska ei heil verd fordi dei klarte å halde ut heile 4 månadar mot ein overmektig fiende som Sovjet.

Sympati

Då krigen starta blei det sete i gang innsamling av penger, og ikkje minst ryggsekkar. Sekkane skulle leverast inn i alle sportsforetningar og bli sendt til sentralar i Oslo, Trondheim og Narvik. Ryggsekken blei sjølve symbolet på nordmenn si vilje til å hjelpe. Det blei og organisert komitear for frivillig krigsteneste. 725 nordmenn drog til Finland for å kjempe på deira si side. Dei var ikkje mykje i krigsfronten, men 2 nordmenn døde før krigen var slutt.

Ikkje samanheng

Norge heldt strengt på nøytralitetspolitikken. Regjeringa ville ikkje gi nokon form for miltær støtte. Vinterkrigen førte til at partane tok til å interrisere seg i nord. Riktignok var det ikkje nokon samanheng mellom Vinterkrigen og den store Auropeiske krigen. Verken russerane eller finnane var med i striden mellom Tyskland og England og Frankrike. Vinterkrigen satte i gang den prosessen som skulle rive Norge ut av nøytraliteten.

 

Folkeforbundet

Då Sovjet angreip Finland, samla folkeforbundet seg og drøfta kva dei skulle gjera. Det enda med at dei ekskluderte Sovjet og oppfordra medlemmane til å hjelpe Finland med alt dei hadde.

Geriljakrig og forsvinningsdraktar

Krigsmetoden finnane brukte for å yte mest mulig motstand, var geriljakrig. Dei sneik seg inn bakfrå og rykte fort inn i Sovjetiske troppar og forsvann like fort. Dette var effektivt og gjorde stor skade. Grunnen til dette, var at finnane var gode på ski og at dei brukte dei såkalla forsvinningsdraktene. Det var kvite krigsuniformar som var vanskelig å sjå i all snøen.

Dødstal

Sjølv om Sovjet si hærstyrke var overlegen stor, var det Sovjet som mista flest soldatar. Dei mista heile 100 000 mann, medan Finland berre mista 2000 mann. Grunnen til dette var geriljataktikken og kamufleringa til finnane.

Mista store område

Då finnane måtte gi seg ovanfor Sovjet hadde dei mista store område i aust som blei kalla Karelen. Finnane sørger over dette området enda.