Falstad Leiren
Innleiing
-
Leiren og fangane
-
Dagleglivet på Falstad
-
Falstadskogen
Dagleglivet
Klokka 06:00 var det oppstilling i luftegarden. Fangane stilte seg opp i kolonner: Jødane for seg, russarane, lærarane og gislane. Eksersisen byrja etter oppstillinga. Fangane hadde eksersis morgon, middag og kveld. Dei gamle marsjerte ofte ut av luftegarden og kunne få norsk instruktør under eksersisen. Dei unge måtte lære tyske songar medan dei vart kommanderte rundt. Dei forskjellige arbeidsgjengane vart tekne ut etter eksersisen. Dei tyngste jobbane var i skogen og i steinbrotet. Fangar blei også tekne ut til å jobbe med gardsarbeid saman med bøndene på dei forskjellige gardane. Dei mest betrudde fekk jobbar i leiren, eller som oppassarar for tyskarane. Desse skaffa opplysningar og letta det illegale arbeidet i leiren, som smugling av mat. Fangane utførte forskjellig typar arbeid. Nokon arbeida i sagbruket, andre blei plassert i vedgjengen. Nye fangar hamna ofte i kjellargjengen, dei som hamna her fekk større bevegelsesfriheit. I snekkarverkstaden jobba dei seint og tidleg. Mange jobba der for å skaffe seg eit tre-emne for å lage eit minne frå opphaldet i Falstadleiren. Klokka 12:30, etter 5-6 timars arbeid, bar det til matsalen for å ete suppa. Etterpå var det middagsappell. Det gjaldt å komme fort i gang med ettermiddagsykta så appellen var som regel kort. Kveldsappellen vart gjennomført tidlegare og tidlegare og den vart ofte grundig gjennomført. Dei som ikkje hadde tilfredsstilt vaktene godt nok gjennom dagen blei straffa for det. Det var kveldsmat klokka 19:00 og den bestod av to brødskiver og kaffierstatning. Etter det fekk fangane sjølv disponere en time eller to. Så var dagen gått.
Webmaster : Kjetil Nyvoll og Design : Kristine F. Johnsen