Falstad Leiren

Innleiing - Leiren og fangane - Dagleglivet på Falstad - Falstadskogen

Falstadskogen
I Falstadskogen blei det i løpet av krigen gravd over 40 graver innanfor eit ganske lite område. Nokon stader ligg gravene tett saman andre stader ligg dei meir spredt. Faste gravarar for tyskarane var ein jugoslav og to russarar. Dei kunne utan forvarsel bli bedt om å ta med seg spade og hakke, og vere med tyske soldatar til skogen å grave graver. Gravene var oftast meint for fangar frå Falstad. Andre gonger kunne det vere beskjed om graving frå telefon frå Trondheim. Då blei offera køyrt i lukka lastebilar frå Trondheim og ut i skogen. Falstadleiren sine fangar deltok ikkje i henrettingane. Dette arbeidet vart utført av ein spesiell kommando som heldt til i Trondheim. Dei fyrste gongane vart dei redde for at dei var blitt sett til å grave sine eigne graver. Ved ei anledning lykkast det fleire gongar å rømme i forbinding med ei henretting. Av og til var fangane klar over kva som skjedde, sjølv om det kunne ta lang tid frå fangane fekk dommen til at det skjedde. Fangane fekk bind for augene og blei bundne fast med hendene bak på ryggen. Under streng bevoktning blei dei ført ut i ein lastebil som stod og venta. Dersom det var fleire som skulle henrettast samtidig fekk ikkje dei ha noko kontakt med kvarandre, då blei dei teke ut to av gongen. Like før frigjeringa sette tyskarane i gang oppgraving av dei døde i skogen. Sommaren 1945 vart alle kjente graver i Falstadskogen gravne opp og dei døde vart identifisert med dei det var mogleg å identifisere. Russarar og jugoslavar vart begravd på spesielle krigskyrkjegardar, mens dei fleste nordmenn vart brakt til sin heimstad. Men det er ikkje usannsynleg at Falstadskogen kan ha fleire offer begravd.




Webmaster : Kjetil Nyvoll og Design : Kristine F. Johnsen