Falstad Leiren
Innleiing
-
Leiren og fangane
-
Dagleglivet på Falstad
-
Falstadskogen
Leiren og Fangane
Fleirtalet av fangane på Falstad var heile tida nordmenn. Dei første fangane kom i oktober i 1941, det var tre nordmenn og ca. 160 danskar. Dei blei sett til å byggje opp fangeleiren under oppsyn av SS-tropper. Dei arbeida bl.a. i skogen å hogde tømmer som seinare skulle vere stolpar til eit stort piggtrådgjerde. Danskane blei sette fri etter tre månader. Fangetalet auka sterkt utover vinteren. Det kom fangar både frå Nord-Norge og frå Møre og Romsdal til Falstad. Fangane blei plasserte i den kvite murbygninga som no var omhyggeleg innegjerda. Fangar blei plasserte i murhuset og i brakkene. Gislar, rømde fangar, dei som venta på henretting eller dei som hadde forbrote seg på ein eller annan regel, blei skjerma frå dei andre i eineceller på toppen av byggninga, ein særleg benytta stad var ei mørkecelle under hovudtrappa. Den 6.oktober 1942 blei unntakstilstand innført av tyskarane i Midt-Norge. Etter berre tre dagar blei 34 nordmenn henretta i Falstadskogen. Hausten 1942 blei Falstad brukt som samlingsleir for jødar frå Midt-Norge. Det var óg mange nordmenn som vart sett inn som gissel, gislane hadde ikkje gjort noko sjølv , og dei måtte ofte arbeide utanfor leiren. Det var også ein del russiske og jugoslaviske krigsfangar på Falstad. I åra 1941-45 fungerte Falstad både som konsentrasjonsleir, arbeidsleir, interneringsleir og dødsleir. Desse fire oppgåvene vart vanlegvis delte opp , men på Falstad hadde dei alle i ett. Falstad blei open for jødeforfølging i Trøndelag. Den 26. Oktober i 1942 blei alle jødiske menn over 15 år i Trondheim arresterte av norsk politi og sendt til Falstad. Der vart dei glattbarberte på hovudet, men fekk ordre om å la skjegget gro. No var dei ikkje lenger menneske. Dei budde for seg sjølv i Falstadleiren, åt i eigen gruppe og vart ofre for tortur og vold kvar dag. I Falstadskogen var det åtte jødar som miste livet. Fire jødar vart henretta i mars 1942 og saman med ein nordmann blei dei, dei første ofra i Falstadskogen. I oktober i 1942 var ein jøde blant dei ti sonofra som blei henretta. Tre eldre jødar vart for sjuke til å arbeide i november i 1942. SS lovte dei å få sjukehusbehandling i Levanger, men desse blei køyrt til skogen og skotne. Dei russiske fangane på Falstad var samla i ei av dei to største fangebrakkene, russerbrakka vart den kalla. I frigjeringa den 8.mai 1945 var det ca. berre 165 russiske fangar som var igjen. Dei første jugoslaviske fangane blei sendt til Falstad i juni i 1942. Berre to av dei jugoslaviske fangane som kom til Falstad overlevde. Fem klarte å rømme. Den siste jugoslaviske fangen blei henretta i desember i 1943. Der var også ei eiga kvinneavdeling på Falstad. I august 1942 kom dei første kvinnelege fangane til Falstad. Det auka jevnt og før jul i 1942 var det allereie 28 kvinner i Falstadleiren. Kvinnene vart fengsla som følgje av illegal virksomheit eller som gissel. Det var på det meste 40 fangar på kvinneavdelinga. Kvinnene og mennene var adskilt og kontakt mellom mannlege og kvinnelege fangar var strengt forbode. I kvinneavdelinga hadde dei soveavdeling, systove og sjukestove. Dei første oppgåvene var matlaging for dei tyske vaktene og arbeid i systova. Dei kvinnelege fangane blei i 1943 imidlertid sett til å arbeide i vaskeriet, i kjøkkenet og på skredderverkstedet. Dette gav moglegheit for hemmeleg kontakt mellom fangane, og mange helsingar og gåver vart utveksla gjennom holete sokkar, skitne skjorter og nylappa bukser.
Webmaster : Kjetil Nyvoll og Design : Kristine F. Johnsen