Familien Steinfeld
Innleiing
-
Jødane i Norge
-
Aksjon mot Jødane
-
Familien Steinfeld
|
760 norske jødar vart arresterte og sendt til konsentrasjonsleirar under krigen. Nokon vart sendt rett i gasskammeret, resten vart sette i arbeid heilt til dei ikkje greidde meir.
Berre 25 norske jødar overlevde denne grusamme krigen. Blant desse 760 norske jødane var det fire frå Ålesund. Det var Israel Steinfeld, Lea, Reidun og Morten.
Denne historia forteljar om ei jødefamilie frå Ålesund. Dei vart arresterte av nazistane under krigen. Dei var ein del av byen Ålesund, og har vekt stor oppsikt i ettertid.
Nazistane sine truslar:
Etter Wannsee konferansen i Tyskland, vart det bestemt at jødane skulle utryddast og gassast i hæl. Dette gjaldt også for familien Steinfeld.
Gestapo trua stadig denne familien med nazistane sine vanelege truslar, men familien haldt seg sterke. Dei trudde ikkje på nazistane sine truslar.
Familien Steinfeld såg ingen fare i og flykte frå Ålesund. Men dei fekk snart sjå at nazistane meinte alvor.
Da familien vart teken:
Da Reidun kom heim igjen etter og ha budd vekke for og studere, såg ho faren sin komme gåande saman med politiet, og han gjekk fast i handjern. Dette var siste gang dei såg kvarandre.
Israel vart først sendt til Aspøy skule, og der fekk han i oppgåve og stable gamle radioer. Og om natta var Israel ein god del i kretsfengselet.
Han vart også sendt saman med hundrevis av andre jødar på skipet <<Donau>>.
Opphaldet på <<Donau>> vart byrjinga på det som kom til å skje. Nederst i skipet var det hundrevis av jødar som skulle opphalde seg. Dette vart ei liding for alle sammen.
Og for nokon vart dette nok verre enn dei hadde frykta, slik vart det vertfall for Israel.
Etter opphaldet på <<Donau>> vart han sendt til Auschwitz. Det er litt usikkert når han døydde, mange meinte at han var ein sterk mann og kan ha haldt ut ganske lenge.
Etter at politiet hadde tatt Israel var det straks Morten nazistane var ute etter og ta.
Prøvde å redde familien sin:
Morten var berre en ung gut da Gestapo var ute etter han. Sigurd Refsnæs arbeidde i politiet i byen, og han fekk i oppdrag frå Gestapo og ta Morten.
Refsnæs alltid hadde vore ein god venn av familien Steinfeld, så dette vart svært vanskeleg. Men han ville svært gjerne hjelpe dei, så han gjorde det han kunne.
Han meinte at visst Morten vart lagt inn på sjukehus for blindtarmbetennelse, så kunne kanskje arrestasjonen bli utsett. Og då kunne Morten få litt lengre tid på
seg til å legge ein plan om korleis han kunne redde resten av familien sin og seg sjølv. Refsnæs tok kontakt med ein av doktorane på sjukehuset som han kjente slik at Morten vart lagt inn.
Men sjølv om han fekk fjerna blindtarmen, så vart ikkje arrestasjonen utsett. Og der med så tok nazistane resten av familien Steinfeld.
Her er leilegheita på Grimmerhaugen til familien Seinfeld. Dette huset står der i dag også, men det er ingen spor etter dei. Det har heller aldri blitt fortalt noko om denne familien.
Mange meiner at det var familien Steinfeld sjølv som hadde skulda for det som skjedde med dei. Det var fordi dei var jødar, og visst kva som kom til å skje med dei.
Også nokon meinte at dei burde flykte i tide slik som dei andre jødane gjorde. Israel Seinfeld fekk tilbodet om og flykte, men han sa nei. Han meinte at han høyrde til her, og hadde ikkje gjort noko gale.
Og han hadde ei forretning i kongens gate som han måtte ta seg av. Både Israel og Lea var to personer som likte og arbeide, og dei trivst i arbeidet sitt.
"Den endelege løysinga:"
Lea og Reidun vart sendt til Auschwitz. Og Morten vart sendt til ein annan konsentrasjonsleir. Dei døydde alle tre våren 1943. Då var Lea berre 46 år, Reidun 21 år og Morten 18 år gammal.
Auschwitz var den aller verste konsentrasjonsleiren under krigen. Der vart jødane sendt rett i gasskammeret visst dei ikkje var i stand til å arbeide. Mange døydde også lenge før dei kom fram, det var på grunn av at dei vart så svake av mangel på mat- Men familien Steinfeld var kjendt for å vere ei sterk familie og dei kjempe heilt til det ikkje var meir dei kunne gjere.
Slik tok nazistande livet av ei heil familie, berre fordi dei var jødar og måtte utryddast. Det er mange som ser tilbake på denne familien si skjebne med varme og kjærleik for det som dei måtte gjennomgå under krigen!
webmaster : Linn iren