|
|
 |
Brødrene
Ut
på Øygarden er der tre bautasteiner som heiter Brødrene og Sverdet. Brødrene
stend på kvar si sida av vegen medan Sverdet stend eit lite stykke opp
på marka. Det går ulike segn om desse steinane. Eit av sagna fortel at
to arnungebrødre havna i krangel på denne staden, og drap kvarandre. Sagnet
vil ha det til at det var Finn Arnesson som drap Torberg bror sin på denne
staden. Dei hadde ei konflikt om ei frille. 
Ikkje så langt frå Brødresteinane stend den tredje steinen, Sverdet. Det
vert fortalt at etter at Finn hadde drept Torberg, kasta han sverdet sitt
så langt han klarte. Det landa der "sverdet" står i dag.
|