|
|
 |
Giske
Øya er den minste i Giske kommune, med omlag 600 innbyggjarar.
Namnet Giske kjem truleg frå norrønt "Gizki", som
ein trur tyder klut, duk.
Øya Giske er ei flat øy, det høgaste punktet er Ørnebakken
på 26 meter over havet. Rundt øya er det mange flotte sandstrender
som ofte blir besøkt av øyas befolkning, samt tilreisande
på fine sommardagar.
I
1987 blei fastlands-sambandet med Ålesund opna. Giske fekk då
bru til Valderøya, og undersjøiske tunnelar derifrå
til Ellingsøy og Ålesund. Samstundes vitja kong Olav V Giske
kyrkje. I dette høve signerte han ein stein. Denne står no på nedsida
av kyrkjegarden. Seinare vart også ein tunnel frå Giske til
Godøy opna.
|