Lokalhistorie for øyane i Giske

Heim | Giske | Kyrkja


Giske
Kyrkja
Brødrene
Mjelthaugen
Oppgåver
Test

Giske kyrkje

Giske kyrkjeKyrkja på Giske er den eldste på Sunnmøre, og ho vart bygd på 1100-talet. Kyrkja blei bygd som familiekapell for den mektige ætta på Giske. Kyrkja er bygd av marmor, men akkurat kor marmoren kjem frå veit vi ikkje.
Kyrkja er bygd med rundboga opningar i dører og vindauge, i det vi kallar ein romansk stil. Kyrkja er vidare nokså lite utsmykka. Der er ei profilert fotlist rundt veggane utvendig, samt eit relieff over inngangsdøra mot sør. Relieffet viser det kristne symbolet "Agnus Dei", som tyder Guds lam. Kristendommen sin siger over heidenskapen vert vist med krossen og bautasteinane. Kyrkja har vore ein valfartsstad for pilgrimmar, desse har laga sine merker på ytterveggen mot aust. Der er det rissa inn mange krossmerker, desse vert kalla kyssekors. På sørsida av koret finn vi "Skjønn Valborgs grav", ei gravkiste frå middelalderen. Det var vanleg at fornemme personar vart gravlagde under dråpefallet til koret, og ein trur derfor at det er ein av den mektige arnungætta som ligg gravlagd her. Altertavla
På 1700-talet blei kyrkja ståande utan tak i ein 20-års periode, og kyrkja og interiøret tok nok ein god del skade av det. Kyrkja vart restaurert i 1756, og kyrkja fekk då ein god del nytt interiør. Jakob Sørensen Giske-Gaard stod for mykje av det. Han var ein stor kunstnar, og blir for det meste omtalt som Tavle-Jakob. Han er kunstnaren bak altertavla i kyrkja, figurane på talerstolen, figuren i alterringdøra, ei kollektbøsse med ein modell av kyrkja og eit kursifiks. Til å skjere ut alt dette brukte Tavle-Jakob knivar som han laga av ljå-spissar. Figurane Tavle-Jakob skar ut i altertavla er henta frå bibelske hendingar, og i alterringdøra har han skore ut ein figur som skal vise Kristus i vinpersa, der Kristus står krumbøygd under den tunge persebommen (Jesaja 63,3).
Til minne om restaureringa vart det hengt opp ei minnetavle i kyrkja, under den latinske teksten er der fire linjer på dansk:
"Viid danske mand og læser at herovenfor er skrevet,
Hvad denne Kirkes Skiebne var og nu igjen er blevet.
Den prises her av Alderdom Mærkverdighet og Pragt,
Gid samme stedse blive maae, til Herrens Lov ved Magt."
Figurgruppe frå 1200-taletKyrkja har også ein kopi av ei figurgruppe frå 1200-talet. Figurgruppa viser Kristus, jomfru Maria og evangelisten Johannes. Originalane av denne figurgruppa er på det Historiske Museum i Bergen. Kopiane var ei gåve derifrå til 850-års jubileumet i 1985. Kyrkja har også ein alterduk frå 1688, duken er av gulbrunt vademel med påsydde applikasjonar. Døypefonten er frå 1707.
I 1860 ny restaurering. Då vart dei fleste opningane, kor, vindauge og dør utvida. Veggane vart gipsa og ein del av interiøret vart mala kvitt. I 1930 restaurering igjen. Kyrkja vart då laga til slik som ho er i dag.

Ønsker du å sjå fleire bilder frå kyrkja, med korte kommentarar, trykk her.


Semesteroppgåve Karethe Årseth IT1-DELTID