Lokalhistorie for øyane i Giske

Heim | Giske | Mjelthaugen


Giske
Kyrkja
Brødrene
Mjelthaugen
Oppgåver
Test

Mjelthaugen

Mjeltehaugen
Mjeltehaugen er eit gravminne frå bronsealderen. Den er bygd på ein naturleg sandbanke og har opphaveleg vore om lag 30 m i tverrmål og 6-9 m høg. Det har vore utgravingar i Mjeltehaugen i 1847, 1867 og 1878. Det er funnet to graver i haugen. Den eldste har ein datert tilbake til bronsealderen. Den andre som låg nær haugtoppen er tidfesta til omlag 200 e. Kr. Det var ei kvinnegrav, ein fann to like bronsespenner med sølvbelegg. Desse var av vestnorsk arbeid og veldig sjeldne. I 1847 fant dei ei kiste av dekorerte heller inne i røysa. Figurane er dei same som ein ofte finn i helleristningar, sol og skip. Men også eit mønster som sikkert er etterlikning av eit veggteppe med frynser nederst. Dette er eit eineståande funn. På Jæren kjenner ein også til eit fåtal dekorerte gravheller, men der brukar berre å vere ei dekorert helle. Mjeltehaugen kan eigentleg berre samanliknast med ei grav i Sverige, men der er hellene dekorerte med andre motiv. Like ved Mjelthaugen er der framleis ein heilag kvit stein. Mjeltehaugen er i dag eit freda kulturminne.


Semesteroppgåve Karethe Årseth IT1-DELTID