|
|
 |
Kongshaugen
Kongshaugen
ligg på Jangarden, like ved Rådhuset på Valderøya. Kongshaugen er ei stor
røys, ho har eit tverrmål på 42 meter og er 3 meter høg. Kongshaugen er
bygd av fjørestein på ei myr. Fjøresteinane er så dekt med eit torvlag.
Ein trur at Kongshaugen er frå tida 350-400 år e. Kr. Under utgravingane
i 1824-27 fant ein blant anna restar etter ein båt, borda i båten hadde
vore sydd saman med sener. Dette er noko av dei eldste båtrestane som
er funne i Nord-Europa, omtrent 3000 år gamle. Dette er ein stor gravhaug,
og etter utgravingane i 1824-27, så trur ein at det også i ettertid har
vore lagt graver inn i haugen. I røysa er det funnet ei branngrav med
to bronsekjeler, desse må vere ei sekundærgrav, då restane etter båten
som også blei funnet her ikkje var brent.
Funn i Kongshaugen:
Restane etter ein båt 
Bronsekjel og lokkjel
Brende bein
Gullring, 165 g.
Delar av ein beinkam
Terningsspel
Bronsestang
Firkanta spenne
Bjørneklør
Albueskjell
Leirkarskår
|