|
|
 |
Blindheimsætta
Blindheimsætta
er omtala i tida 1120-1228. Då Sigurd Jorsalfar var konge (1103-1130)
begynte Blindheimsætta å slå rot. Hallkjell Huk frå Blindheim blei gjort
til lendemann på Sunnmøre. Det var også han som henta den komande kongen,
Harald Gille (1130-1136) til landet. Harald Gille var bror til den forrige
kongen Sigurd Jorsalfar. Under Harald Gille vaks Blindheimsætta fram og
fekk ein mektig posisjon. To av Hallkjell Huk sine sønner, Simon Skålp
og Jon Halkjellson gifta seg med kong Harald Gille sine døtre. Simon Sårlp
myrda i 1157 sin første svoger, Øystein Haraldson, og gjekk over til å
vere ein støttespelar for sin andre svoger Inge (Gilleson) Krokrygg. Simon
falt i slaget i Oslo i 1162.
Blindheimsætta spelte ei viktig rolle i kampane mot kong Sverre. Hallkjell
Jonsson blei kong Sverres lendmann, men det var likevel han som danna
ein opprørsflokk som dei kalla "øyskjeggene" som gjorde opprør overfor
kong Sverre. På 1200-talet døde Blindheimsætta ut.
|