Lokalhistorie for øyane i Giske

Heim | Vigra | Budafjellet


Vigra
Blindheimaætta
Gravhaugar
Budafjellet
Oppgåver
Test

Budafjellet

BudafjelletUnder den andre verdskrigen vart Budafjellet nytta til tysk festningsanlegg. Alt tidleg på våren steig dei første tyske soldatane på land på Roald. I starten var det berre ei lita gruppe på omtrent 10 soldatar, men utover våren gjekk talet opp i ca. 70 soldatar og befal. På Budafjellet vart det bygd ein artilleribase, på denne måten skulle tyskarane klare å stå imot angrep frå England. Tyskarane laga ei festningskjede langs kysten, og artilleribasen på Budafjellet var ein del av denne. Berre her på Sunnmøre skulle det byggjast 30 slike fort. Den viktigaste oppgåva til festninga på Budafjellet var å sikre innseglinga til Ålesund. Kanoner kom på plass litt etter litt. Kanonane som kom til Budafjellet var franske, eldre modellar. I 1942 fekk Budafjellet også status som fangeleir, då kom om lag 50 russiske fangar dit. BudafjelletDesse hadde vorte tatt til fange av finnane på nordfronten. Tilstanden til dei russiske fangane var så ille at lokalbefolkninga stussa. Dei var rett og slett avmagra og utsvelt, så dei åt alt dei kom over. Dei russiske fangane fekk til oppgåve å byggje opp leiren, samt lossing av sement og anna byggjemateriale ved hamna på Roald.


Semesteroppgåve Karethe Årseth IT1-DELTID