|
|
 |
Vigra
Vigra
er arealmessig ei stor øy, med eit flatemål på 20 kvadratkilometer. Terrenget
på Vigra er nokså flatt, utan dei heilt høge fjella. Elles så er øya prega
av mange viker og bukter. Øya Vigra har hatt fleire namn. Både i dansketida
og ei stund etter 1900 blei øya kalla Vigerø. Medan i dei første skriftlege
kjeldene blir øya kalla Vigr. Vigr tydar etter gamalnorsk språk spyd eller
pilodd. Ser ein på korleis øya er profilmessig, kan ein kanskje sjå ein
likskap.
Vigra fekk flyplass i 1958, den vert kalla Ålesund lufthamn.
Kringkastar har Vigra også, den kom alt i 1935, og frå 1939 fekk den status
som storsendar. Vigra kringkastar har vore til stor hjelp med å formidle
NRK-programma frå Ålesund.
|