Lokalhistorie for øyane i Giske

Heim | Informasjon


Informasjon

Informasjon om oppgåva

Målgruppe:
Elevar frå mellomtrinnet og ungdomstrinnet. Håper også på at andre interesserte kan nytte seg av arbeidet.

Mål:
At elevane skal bli litt betre kjend med lokalhistoria på heimstaden sin, og på den måten kunne bringe kulturarven vidare.

Kvifor?
For å gjere lokalhistoria lett tilgjengeleg for elevane i Giske kommune. Vi veit ofte litt om historia frå vår eiga øy, men lite frå dei andre øyane.

Korleis?
Ved å lage ei webside på Internett blir det lettare tilgjengleg for både heim og skule. Det finst heller ikkje noko materiale der det er samla lokalhistorie frå heile kommuna, så derfor såg eg dette som eit godt emne.

Korleis semesteroppgåva er opplagt.
Eg har prøvd å legge opp websidene på ein slik måte at eg håper at dei fleste vil både lære noko, og synast at det er spennande. Eg har tatt for meg lokalhistorie frå alle dei fire øyane i Giske kommune. Men eg har ikkje gått så veldig mykje i dybda, då eg har vore redd for at det kunne bli litt for tungt for mange elevar på mellomtrinnet. Eg har derfor prøvd å begrense stoffmengda, og gjere det lett å lese. Vidare har eg lagt det opp slik at ein skal få ei kjensle av at ein er på ei øy i gongen. Derfor har eg laga oppgåver og test til kvar øy, som ein liten gjennomgang på om ein har fått med seg noko.

Programvarer eg har brukt:
Dreamweaver 3.0
Notisblokk
Arachnophilia
Adobe Photoshop 5.5
Word 2000
Explorer 5.0
Netscape 6.0

Kjelder:
Borgund og Giske Band I og III
Fra de første fotefar, Sunnmøres forhistorie, Svein Indrelid og Stein Ugelvik Larsen
I balansepunktet, Sunnmøres eldste historie, Stein Uglevik Larsen og Jarle SulebustGrav frå Blimshaugen
Møre og Romsdal, Pio Larsen
Giske kyrkje, Elias Giske
Segn og soge frå Godøy og Alnes, Magne Godøy
Valderøy i gamal og nyare tid, Edv. Andestad
Øy-blikk, turistutgåve
Semesteroppgåve Samfunn 2, Innføring i historiske Giske, Tove Helen Giske
Store norske leksikon, Aschehoug og Gyldendals

Bilde:
Kartet på hovudsida har eg fått løyve til å bruke frå Giske kommune. Dei andre bilda som er brukt har eg tatt sjøl.


Semesteroppgåve Karethe Årseth IT1-DELTID